Rekordstor kombinerttropp til Lillehammer

Skiforbundet sender heile 18 utøvarar til verdscuprenna i kombinert på Lillehammer kommande helg.
sport

Der skal både mennene og kvinnene konkurrere, og kombinerttroppen er den største Skiforbundet nokon gong har teke ut til ei verdscuphelg.

Dessutan blir verdscupkonkurransane til helga dei første i historia for kombinertkvinnene på norsk snø.

– Vi skriv historie på Lillehammer til helga, og vi gler oss veldig til å konkurrere på heimebane. Jentene har ikkje konkurrert på ski internasjonalt sidan VM i Oberstdorf, og forventningane er at vi skal kjempe i toppen, seier sportssjef Ivar Stuan.

Desse 18 utøvarane deltek for Noreg:

Menn: Jarl Magnus Riiber (Heming), Jørgen Graabak (Byåsen), Espen Bjørnstad (Byåsen), Jens Lurås Oftebro (Jardar), Espen Andersen (Lommedalen), Simen Tiller (Moelven), Kasper Moen Flatla (Jardar), Andreas Skoglund (Molde og Omegn), Einar Lurås Oftebro (Jardar), Lars Halvdan Buraas (Hurdal), Lars Ivar Skårset (Søre Ål).

Kvinner: Gyda Westvold Hansen (Nansen), Marte Leinan Lund (Tolga), Mari Leinan Lund (Tolga), Ida Marie Hagen (Haslum), Hanna Midtsundstad (Vaaler), Oda Leiråmo (Bossmo og Yttern), Thea Øihaugen (Gausdal).

(©NPK)