VM-regionen innfører koronapass-krav: Framleis plan om mange på tribunen

Spanske styresmakter strammar grepet for å takle ei ny koronabølgje. Arrangøren satsar likevel på opp til 80 prosent av tilskodarkapasiteten under handball-VM.
sport

Dei to tidlegare meisterskapane for kvinner (EM 2020 og årets OL) vart spelt for tomme tribunar.

Tilskodarproblematikken er oppe på dei daglege møta i arrangementskomiteen.

– 80 prosent, svarer VMs pressesjef José Antonio Hurtado på NTBs spørsmål om kor mange som slepp inn på tribunane.

Det kan komme til å endre seg. Også Spania opplever sterkt aukande smittetal om dagen. Styresmaktene i Valencia-regionen (der Noreg skal spele) vedtok måndag å påleggje koronapass-sjekk mellom anna for besøk i barar og restaurantar, kino og konsertar. Det er venta at også idrettsarrangement vil falle inn under same protokoll.

Koronapass-kravet vil truleg gjelde frå slutten av denne veka. Spania har ein stor utfartsperiode framfor seg 6. til 8. desember. Den startar med den spanske grunnlovsdagen.

Noreg deltek i puljespel og hovudrunde (totalt seks kampar) i Pabellón Ciutat de Castelló i byen Castellón. Der vil det maksimalt kunne komme inn 4100 tilskodarar så lenge 80-prosentprinsippet gjeld.

Noreg møter Kasakhstan (fredag), Iran (søndag) og Romania (tysdag neste veke) i dei første kampane sine.


(©NPK)