Isbreane smeltar fortare enn før

Menneskeskapte klimaendringar har ført til at fleire av isbreane i verda har krympa betydeleg berre dei siste ti åra, ifølgje ei forskargruppe.
utenriks

Ei gruppe forskarar og ein fotograf har dei siste ti åra besøkt fem av isbreane i verda for å dokumentere endringar i breane.

Under naturlege forhold trekkjer enkelte isbrear seg tilbake, mens andre veks. Målingar frå dei 5.200 isbreane i verda viser no at høgare temperaturar har auka talet på isbrear som smeltar. Også farten på bresmeltinga har auka, ifølgje ein studie utarbeidd av forskargruppa.

Forskarane seier det først og fremst kjem av menneskeskapt global oppvarming og hovudsakleg utsleppa frå forbrenning av kol, olje og gass.

Av dei fem breane som er kartlagt i prosjektet, er det Trift-breen i Sveits som har minska mest. Frå 2006 til 2015 har breen trekt seg heile 1,17 kilometer tilbake. Ein annan av isbreane i landet, Steinbreen, har i same periode trekt seg 550 meter tilbake.

Sólheimajökull på Island har trekt seg 625 meter tilbake i perioden mellom 2007 og 2015, mens Mendenhall-isbreen i Alaska trekte seg 550 meter tilbake i same periode.

Den amerikanske forskaren Lonnie Thompson har besøkt Qori Kalis-breen i Peru sidan 1974. I perioden mellom 1978 og 2016 har isbreen minka betydeleg i storleik, og Thompson beskriv reisene til staden som å besøkje eit "dødssjukt familiemedlem".

(©NPK)