– Sør-Amerika har på ein måte vorte det nye episenteret for sjukdommen. Vi har sett mange søramerikanske land med eit aukande tal tilfelle, seier WHOs akuttberedskapssjef Mike Ryan.
Tidlegare har FN-organisasjonen utpeika Europa som episenteret til pandemien.
Utbrotet har òg auka i omfang i nokre afrikanske land, men der er det førebels relativt låge dødstal, opplyste Ryan på ein pressekonferanse fredag kveld.