Macron: Libanon treng endring

Frankrikes president Emmanuel Macron vart møtt av rasande innbyggjarar i Beirut torsdag og sa seg samd i at det trengst politiske endringar i Libanon.
utenriks

I det hardt ramma Gemmayzeh-distriktet nær hamna, ropte ei gråtande kvinne frå ein balkong då Macron og følgjet hans passerte.

– De er drapsmenn alle saman! Kor var de i går? Kor var de dagen før? Kor var de då dette sprengstoffet vart plassert i hamna, ropte ho.

Andre innbyggjarar hadde òg mykje på hjartet då den franske presidenten stansa opp.

– Opp til dykk

– Korleis skal vi bli kvitt den herskande politiske klassen i Libanon, ville ein mann vite.

– Eg er ikkje her for å gi mi støtte til noko regime eller nokon politikarar. Libanon er ein suveren stat, det er ikkje opp til meg, det er opp til dykk, sa Macron.

Den franske presidenten opplyste vidare at han i samtalar med politiske leiarar torsdag kveld ville foreslå «ei ny politisk pakt» i Libanon.

– Eg kjem tilbake 1. september, og dersom dei ikkje greier å halde seg til pakta, vil eg måtte svare for det overfor dykk, sa han.

Lovar bistand

Macron lova vidare omfattande fransk hjelp i redningsarbeidet og gjenoppbygginga etter den kraftige eksplosjonen som raserte store delar av Beirut.

Han opplyste òg at Frankrike om få dagar inviterer til internasjonal givarkonferanse for å samle inn pengar til mat, medisinar, bustader og anna nødhjelp.

Libanon slit med omfattande korrupsjon, og Macron understrekar at hjelpa skal gå direkte til folk og hjelpeorganisasjonar.

Internasjonal gransking

Øydeleggingane i Beirut er enorme etter den kraftige eksplosjonen tysdag i eit lager med fleire tusen tonn ammoniumnitrat, forårsaka av ein brann.

Macron ber Libanons regjering opne for internasjonal gransking etter ulykka. Han kallar dette eit legitimt krav.

– Ei internasjonal og open gransking trengst for å hindre at noko blir halde skjult og at tvilen melder seg, sa han torsdag.

Dødstalet stig

Det offisielle talet på omkomne steig torsdag til 137, men er venta å stige ytterlegare. Mange er framleis sakna, og redningsarbeidarar håpar framleis å finne overlevande i ruinane.

Over 5.000 menneske vart skadde i eksplosjonen, og Beiruts sjukehus er overfylte.

Libanon var styrt av Frankrike i mellomkrigstida fram til 1943. Dei siste åra har landet vore ramma av ein djup økonomisk og politisk krise.

Situasjonen var alvorleg òg før eksplosjonen i Beirut, ifølgje Macron.

– Det dreier seg om ein politisk, moralsk, økonomisk og finansiell krise, og det første offeret er det libanesiske folket, sa han torsdag.

Koronapandemien

Katastrofen i Beirut kom òg på toppen av koronapandemien, som har belasta Libanons helsevesen tungt.

All testing og behandling av koronapasientar har no stansa opp ved dei fleste av Beiruts sjukehus, som no må prioritere akutte skadetilfelle.

– Nokre sjukehus som utførte testar og behandla koronaviruspasientar, vart naturlegvis svært øydelagde i eksplosjonen og måtte innstille verksemda, seier Mahmoud Hassoun, som er lege ved Rafik Hariri-sjukehuset.

Mykje tyder på at ammoniumnitratet vart lagra uforsvarleg ved hamna i Beirut, noko som har utløyst ny misnøye med politikarane i landet. Politiske aktivistar i Libanon varslar nye protestar mot makthavarane.




(©NPK)