Gjer ikkje lenger funn av mutert minkvirus i menneske

Det er ikkje gjort funn av den muterte virusvarianten frå minkdyr i menneske i Nordjylland på over to månader, men minksmitte er framleis eit stort problem.
utenriks

Den danske regjeringa har vedteke at all mink i landet skal avlivast, noko som først vart grunngitt med frykt for at eit mutert virus skulle smitte til menneske. Det sa mellom anna statsminister Mette Frederiksen.

I ein rapport frå danske helsestyresmakter vart det vist til tolv slike smittetilfelle, men det blir no opplyst at talet er elleve.

Men dei to siste vekene er det ikkje registrert eitt einaste tilfelle av det muterte viruset, som blir kalla cluster 5-korona, i menneske, opplyser Danmarks helseminister Magnus Heunicke.

Tvil om kor farleg det er

Direktør Søren Brostrøm i Sundhedsstyrelsen seier at det er over to månader sidan det sist vart påvist smitte av det muterte viruset.

Det muterte viruset har skapt stor frykt i Danmark og fleire land, og enkelte har meint at viss det spreier seg, vil det vere som om pandemien startar på nytt. Verdshelseorganisasjonen er blant dei som har uttrykt tvil om kor farleg det muterte viruset eigentleg er.

Derimot er det påvist stor smitte av «vanleg» korona frå mink til menneske. Så mange som halvparten av smittetilfella i Nordjylland kjem av minksmitte, ifølgje Heunicke. Det er bakgrunnen for at minkdyra skal avlivast, påpeikar han.

Likevel er smitteutviklinga i Nordjylland så positiv at regjeringa no lempar på tiltak. Mellom anna kan barn frå 5. til 8. trinn igjen gå på skulen, folk kan reise mellom kommunar og kollektivtransporten blir teken opp att.

To millionar avliva på ni dagar

For minkdyra er situasjonen langt meir dystar. Så langt har to millionar mink vorte avliva på ni dagar, og held det fram i dette tempoet vil Nordjyllands siste mink bli avliva måndag.

– Det har gått veldig fort Derfor beklagar vi at det manglar avhenting av avliva mink. Det er ikkje noko hyggjeleg syn, og det luktar ikkje godt. Men vi skundar oss, seier rikspolitisjef Thorkild Fogde.

(©NPK)