Google stansar alle politiske reklamar etter kongressomleiringa

Google har varsla reklamepartnarane sine at plattforma fjernar alle politiske reklamar frå og med torsdag for å skape ro rundt innsetjinga av Joe Biden.
utenriks

Google vil òg fjerne alle annonsar som kan knytast til kongressopprøret førre onsdag, fortel Axios.

Det skjer som eit svar på «dei uhøyrde handlingane førre veke og fram mot den kommande innsetjingsseremonien», heiter det i ein e-post frå Google som Axios har fått tilgang til.

Heller ikkje nyheitsmedium får bruke plattformene til Google til å reklamere for saker om valet, seremonien der Joe Biden blir teken i eid eller andre politiske saker.

Dette vil gjelde fram til Biden har vorte teken i eid, og deretter vil praksisen bli evaluert.

(©NPK)