Politisk krise i Italia

To ministrar frå partiet til eksstatsminister Matteo Renzi har trekt seg frå regjeringa i Italia, som dermed ikkje lenger har fleirtal i nasjonalforsamlinga.
utenriks

Renzi erklærte at partiet forlèt regjeringskoalisjonen på ein pressekonferanse onsdag.

Samtidig lova Renzi at partiet hans Italia Viva vil halde fram med å støtte regjeringa i saker som gjeld kampen mot koronapandemien.

Landbruksminister Teresa Bellanova og familieminister Elena Bonetti forlèt koalisjonen etter usemje om korleis Italia skal bruke 210 milliardar euro i koronakrisehjelp frå EU.

Viktige stemmer

Sjølv om Italia Viva er eitt av dei mindre regjeringspartia, er statsminister Giuseppe Conte ofte avhengig av stemmene til partiet i det italienske senatet.

Utan deltakinga til partiet har regjeringskoalisjonen ikkje lenger fleirtal i senatet.

Dermed er Italia ramma av ei politisk krise samtidig som styresmaktene slit med å handtere koronapandemien.

President Sergio Mattarella har tidlegare sagt at han heller vil skrive ut nyval enn å ta sjansen på ei ny koalisjonsregjering med avgrensa støtte i nasjonalforsamlinga.

Meiningsmålingar viser at parti langt ute på høgresida truleg vil auke oppslutninga viss det blir nyval.

– Vil vere utilgiveleg

Før Italia Viva onsdag valde å forlate regjeringa, kom helseminister Roberto Speranza med ei sterk oppmoding om å halde fram samarbeidet.

– La oss halde indre strid og reelle eller imaginære spenningar skilt frå helsa til italienarane. Det vil vere utilgiveleg om vi blir distraherte eller hindra så nær målet, sa han.

Krisehjelpa på 210 milliardar euro kjem frå EUs gigantiske atterreisingsfond. Regjeringa sleit med å bli samde om ein plan for korleis pengane skal brukast, og ministrane frå Italia Viva lét vere å stemme for planen, ifølgje nyheitsbyrået Ansa.

Tidlegare statsminister Renzi har kritisert planen og karakterisert han som uakseptabel.

(©NPK)