Det kinesiske handelsoverskotet med USA auka i 2020

Det kinesiske handelsoverskotet med USA voks i fjor trass i ein avtale som forplikta Kina til å importere fleire amerikanske produkt.
utenriks

Tal frå den kinesiske tolletaten offentleggjort torsdag viser at overskotet auka med 7,1 prosent til 317 milliardar dollar, tilsvarande 2.680 milliardar norske kroner.

Det var salet av elektronikk og verneutstyr som i hovudsak dreiv eksportveksten.

(©NPK)