Første koronadødsfall i Kina på åtte månader

Kina opplever ein auke i smittetilfella og melde torsdag om det første koronarelaterte dødsfallet på åtte månader.
utenriks

Den nasjonale helsekomiteen gav ikkje fleire detaljar om dødsfallet anna enn at det skjedde i Hebei-provinsen rundt hovudstaden Beijing.

Sist gong det vart registrert eit koronarelatert dødsfall i landet var i mai.

Dei siste vekene er det meldt om 560 nye tilfelle i denne provinsen, og Kina har stengt ned fleire byar etter smitteoppblomstringa. Tysdag vart ein by med fem millionar innbyggjarar stengt ned.

Smitteauken skjer samtidig med at eit ekspertteam frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) torsdag kom til Wuhan, den kinesiske byen der koronaviruset først vart oppdaga seint i 2019.

Dei skal undersøkje korleis viruset oppstod, og undersøkinga er venta å ta fleire veker.

(©NPK)