Både Nikkei-indeksen i Tokyo og Hang Seng i Hongkong gjekk opp 0,9 prosent torsdag.
– Marknaden vart støtta av positive handelstal frå Kina. I tillegg bidrog meldingar om at Joe Bidens administrasjon vil lansere ytterlegare økonomiske tiltak verd 2.000 milliardar dollar, skriv Okasan Online Securities.
Sterk eksport frå Kina førte til eit rekordhøgt handelsoverskot i desember. Det var likevel ikkje nok for dei kinesiske børsane. I Shanghai fall hovudindeksen med 0,9 prosent, medan Shenzhen-børsen gjekk ned 1,4 prosent.
(©NPK)