Uvisst om det blir riksrettssak mot Støjberg

Dei konservative har stemt ja til at tidlegare innvandringsminister Inger Støjberg blir stilt for riksrett. Men det er framleis uklart om det blir fleirtal.
utenriks

– Det ville ærleg talt vere vanskeleg å komme fram til motsett konklusjon, skriv gruppeleiaren av partiet i Folketinget, Mai Mercado.

– Lov er lov, og lova skal følgjast, uansett kven vi er og kva vi elles står for, føyer ho til.

Ei gransking har tidlegare konkludert med at det er grunnlag for å stille Støjberg for riksrett. Det kjem av ein ulovleg instruks i 2016 om at alle asylpar der den eine parten var under 18 år, skulle skiljast ved framkomst til Danmark.

Det førte til at 23 par vart skilde. Dei fleste para var omtrent på same alder. Den største aldersforskjellen var 16 år. For somme varte åtskiljinga i nokre dagar, for andre i fleire månader.

Dei konservative sat sjølv i regjering med Venstre då lovbrota fann stad.

Det er Folketinget som avgjer om Støjberg skal stillast for riksrett, og det er framleis uvisst om regjeringspartiet Socialdemokratiet vil støtte det.

Tidlegare har dei tre raudgrøne støttepartia til regjeringa gått inn for riksrettssak.

Blir Støjberg kjent skuldig, vil ho kunne bli bøtelagd eller dømd til fengsel på vilkår. Det har tidlegare vore fem riksrettssaker i dansk historie, og berre éi sidan 1910, ifølgje altinget.dk.

(©NPK)