Asiatisk børsfall etter Biden-driven opptur

Innsetjinga av Joe Biden som USAs president har bidrege til ei god veke på Asias børsar, men fredagen slutta i minus.
utenriks

Hongkong-børsen gjekk ned 1,6 prosent på den siste dagen i ei veke der Hang Seng-indeksen nådde sitt høgaste nivå på 20 månader.

I Shanghai gjekk hovudindeksen ned 0,4 prosent, medan nedgangen i Shenzhen vart på 0,3 prosent. Nikkei-indeksen i Tokyo gjekk òg ned 0,4 prosent på vekas siste dag.

Børsfallet kom sjølv om Wall Street i hovudsak heldt fram oppover. Nasdaq auka 0,6 prosent til ny rekord, medan Dow Jones gjekk marginalt ned – mindre enn 0,1 prosent.

(©NPK)