Fauci: Forløysande med støtte frå ei vitskapsvennleg regjering

Med Joe Biden på plass i Det kvite hus sa ein tydeleg letta smittevernsjef Anthony Fauci at det er forløysande med ei regjering som støttar seg på vitskap.
utenriks

– Ein av tinga med denne regjeringa er at dersom du ikkje veit svaret, så ikkje giss. Du kan berre seie at du ikkje har svaret, sa Fauci på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag lokal tid.

Eit aktivt program og det at han brifa pressa i Det kvite hus den første dagen etter at Biden vart innsett, understrekar både alvoret i smittesituasjonen og at smittevernlegen nyt tillit i det nye regjeringsapparatet.

Arbeidsdagen byrja allereie klokka 4 om morgonen med eit videomøte der han forsikra at USA held fram som fullverdig medlem av Verdshelseorganisasjonen (WHO). Drygt tolv timar seinare stod han på talarstolen i presidentbustaden.

– Det at du kan komme hit og snakke om det du kan og det vitskapen seier – det er ei frigjerande kjensle, sa Fauci til dei frammøtte journalistane. Han valde sin ord med varsemd, men gjorde det klart at det til tider hadde vore vanskeleg å jobbe med Donald Trump.

– Det er heilt klart at det vart sagt ting, anten det var om hydroksyklorokin eller andre ting, som var verkeleg ubehagelege, fordi dei mangla vitskapleg grunnlag, sa Fauci. Han understreka at det ikkje gav han noka glede å motseie presidenten, noko som ofte fekk Trump til å reagere med sinne.


(©NPK)