Sør-Afrika må betale langt meir enn EU for vaksinar

Sør-Afrika må betale 2,5 gonger meir for vaksinen frå AstraZeneca og Oxford-universitetet enn det dei fleste landa i Europa gjer, ifølgje styresmaktene.
utenriks

Sør-Afrika har bestilt minst 1,5 millionar dosar med vaksinen, som blir produsert i India, med levering i januar og februar.

Kvar dose vil koste 44 kroner, nesten 2,5 gonger meir enn det dei fleste av landa i Europa må betale for vaksinen, ifølgje helsedepartementet i Sør-Afrika. Departementet gir inga forklaring på prisforskjellen.

EUs medlemsland betaler 18 kroner for ein dose med vaksinen frå AstraZeneca og Oxford-universitetet, ifølgje informasjon som ein belgisk statsråd lak på Twitter førre månad.

Avtalar inngått mellom velståande land og vaksineprodusentar har skapt bekymring over at prisane kan drivast opp og føre til mangel på vaksinar for fattigare land.

(©NPK)