Svekt tiltru til euroøkonomien peikar mot ny resesjon

Ein ny koronaresesjon i eurosnoen er nesten uunngåeleg, seier analytikar etter at ein indikator viser at tiltrua til økonomien igjen er dalande.
utenriks

Den såkalla innkjøpssjefindeksen frå IHS Markit fall frå 49,1 i desember til 47,5 i januar. Indeksen måler forventningane næringslivet har til økonomien, og antydar vekst dersom PMI ligg over 50.

Pandemien held fram med å ramme næringslivet og fører til redusert økonomisk aktivitet i eurolanda.

– Ein andre resesjon for eurosona ser stadig meir uunngåeleg ut etter at strengare restriksjonar ramma næringslivet endå hardare i jauar, seier økonom Chris Williamson i IHS Markit.

(©NPK)