Syriske medium: Fire sivile drepne i israelsk rakettangrep

Fire sivile, inkludert to barn, vart drepne i eit israelsk missilangrep i Hama-provinsen fredag, hevdar det syriske nyheitsbyrået Sana.
utenriks

Ifølgje Sana var det ein familie som vart drepen i angrepet.

Nyheitsbyrået siterer ei kjelde i det syriske militæret. Kjelda seier at syriske regjeringsstyrkar svarte på angrepet med antiluftskyts og fekk hindra dei fleste av missila.

Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) melder at angrepet var retta mot syriske militære mål. Dei fem sivile vart drepne då ein syrisk luftvernrakett landa på eit hus i eit folkerikt bustadområde, ifølgje SOHR.

Israel pleier ikkje stadfeste angrep som landet utfører i Syria.

(©NPK)