Den russiske koronavaksinen Sputnik V er ikkje godkjend i EU. Men det stoppar ikkje Ungarn.
– Ungarn har inngått ein avtale med Russland om store mengder Sputnik V-vaksine i tre fasar. Kontrakten er ferdigforhandla og vart underteikna i natt, sa Ungarns utanriksminister Péter Szijjártó i ein videobeskjed som han la ut på Facebook fredag etter eit møtte med Russlands helseminister i Moskva.
Seinare fredag kunngjorde han at Ungarn skal kjøpe to millionar dosar av vaksinen. Dosane vil bli leverte over tre månader.
Ungarn vart torsdag det første EU-landet til å naudgodkjenne Sputnik V-vaksinen. Ungarn har òg gitt godkjenning til vaksinen som er utvikla av selskapet AstraZeneca og Universitet i Oxford.
Nasjonale styresmakter i EU har rett til å skrive ut mellombelse vaksinelisensar i naudssituasjonar. Men den ordinære prosessen er at EUs legemiddelbyrå EMA står for godkjenninga.
EMA er godt i gang med evalueringa av AstraZeneca-vaksinen, og ei avgjerd om denne er venta innan utgangen av neste veke. EMA har derimot ikkje sett i gang nokon godkjenningsprosess for Sputnik V-vaksinen.
Den russiske vaksinen må framleis godkjennast av Ungarns folkehelseinstitutt før han kan takast i bruk.
(©NPK)