Vil granske republikanske senatorar etter storming av Kongressen

Sju demokratiske senatorar har bede om ei gransking av republikanarane Josh Hawley og Ted Cruz etter storminga av Kongressen 6. januar.
utenriks

Demokratane bad torsdag etikkomiteen i Senatet om å setje i gang granskinga.

Bakgrunnen er at Hawley og Cruz støtta Donald Trumps påstandar om valfusk under presidentvalet. Dei var begge sterkt imot at resultatet av det amerikanske presidentvalet skulle godkjennast i Kongressen.

Risikerer utvising

Dei demokratiske senatorane ber etikkomiteen om mellom anna å finne ut om Hawley og Cruz visste om angrepet mot Kongressen på førehand og om dei hadde kontakt med nokon av demonstrantane.

Hawley og Cruz meiner på si side at granskinga er ei partipolitisk hemn og misbruk av Senatet sin etiske prosess.

– Det verkar som demokratane har eit behov for å heve våpen så fort dei har høve – som då dei pressa gjennom ein grunnlovsstridig prosess for å splitte landet ytterlegare tidlegare denne månaden, sa Hawley, og viste då til riksrettsprosessen mot Trump.

Dersom det blir ei gransking, kan dei Republikanske senatorane risikere utvising eller sensur.

Vil verne omdømmet til Senatet

Det går òg føre seg spekulasjonar om at det gjekk føre seg omvising i bygget dagen før angrepet, sjølv om alt skal vere stengt for besøkjande.

Dei demokratiske senatorane meiner ei gransking må til for å verne integriteten, tryggleiken og omdømmet til Senatet.

Førebels er 125 arresterte i samband med angrepet på Kongressen. Fleire er sikta for vald, drapstruslar og for å bere våpen ulovleg. Det går føre seg ei etterforsking av storminga, der politiet mellom anna må undersøkje timevis med videomateriale frå sosiale medium.



(©NPK)