Taiwan har jaga bort 4.000 kinesiske fartøy

Taiwan viste i fjor bort nærare 4.000 kinesiske fartøy som dreiv mudring av sand i taiwansk farvatn, opplyser styresmaktene i Taipei.
utenriks

Året før vart 600 kinesiske fartøy viste bort, og i 2018 vart 71 viste bort.

Kina og Taiwan har vore skilde sidan 1949 då kommunistane vann den kinesiske borgarkrigen og overtok makta på fastlandet. Dei overvunne nasjonalistane søkte tilflukt på øya Taiwan.

I praksis har Taiwan fullt sjølvstyre, men Kina truar med invasjon dersom leiinga i Taipei formelt erklærer sjølvstende.

Berre eit fåtal land anerkjenner Taiwans suverenitet, og Noreg er ikkje blant dei. Noreg anerkjende i 1971 regjeringa i Beijing som einaste rettmessige representant for Kina.

(©NPK)