Biden til Texas

USAs president Joe Biden og førstedame Jill Biden reiser fredag til Houston i Texas, som er hardt ramma av uvanleg kaldt vintervêr.
utenriks

Det kvite hus kunngjorde reiseplanane tysdag, melder The Houston Chronicle.

President Joe Biden erklærte fredag Texas for katastrofeområde og gav ordre om føderal hjelp til gjenopning etter at millionar av menneske vart utan straum og vatn som følgje av snø og kuldegrader.

Biden sa førre veke at han ønskte å besøkje delstaten, men at han ville vente for å unngå at han vart ei byrde under hjelpearbeidet. Besøket i Texas blir Bidens første til delstaten sidan han vart president.

(©NPK)