Mannen til regjeringspartiet vinn presidentvalet i Niger

Tidlegare innanriksminister Mohamed Bazoum vann presidentvalet i Niger med over 55 prosent av stemmene, ifølgje førebelse resultat.
utenriks

Bazoum tilhøyrer regjeringspartiet PNDS og vann òg første runde av presidentvalet i det urolege landet i desember.

Kandidaten til opposisjonen Mahamane Ousmane fekk drygt 44 prosent av stemmene, opplyste valkommisjonen då resultat frå andre og avgjerande runde vart presentert tysdag. Resultata må godkjennast av grunnlovsdomstolen.

Andre omgang vart halden søndag i valet som skal bane veg for den første fredelege maktoverføringa sidan sjølvstendet frå Frankrike i 1960. Niger har gjennomlevd fire kupp.

Opposisjonen har alt protestert på dei førebelse resultata og hevda at dei ikkje speglar folkeviljen.

(©NPK)