Nederland forlengjer portforbodet

Det omstridde portforbodet i Nederland blir forlengt til 15. mars, opplyser statsminister Mark Rutte.
utenriks

Portforbodet varer frå klokka 21 til 4.30 kvar dag og vart innført 23. januar for å dempe spreiinga av koronavirus.

Portforbodet har ført til protestar og opptøyar. Det skulle etter planen vare til 3. mars, men blir forlengt. 8. mars vil regjeringa seie om dei planlegg ei forlenging etter 15. mars, som er første dag i valet på ny nasjonalforsamling.

Tidlegare i februar slo ein domstol fast at regjeringa ikkje hadde juridisk grunnlag for å innføre det nasjonale portforbodet. Ein ankedomstol tilsidesette rettsavgjerda og gav staten medhald.

(©NPK)