USAs sentralbanksjef lovar å halde renta låg

Den amerikanske styringsrenta kjem til å bli halde på eit lågt nivå heilt til inflasjonsraten er på over 2 prosent, seier sentralbanksjefen.
utenriks

Sentralbanksjef Jerome Powell lovar at han ikkje vil auke renta før økonomien er klar for det, arbeidsløysa er senka og inflasjonen aukar jamt.

Ifølgje Powell vil renta bli halde på det noverande nivået sitt rundt null. Først når inflasjonen er på 2 prosent, og på veg til å stige endå meir, vil renta aukast.

Det vil ta tid før USAs økonomi er på dette stadiet, åtvarar Powell. Han seier at koronavaksinane er med på å gi håp om at også økonomien snart er tilbake i ein normaltilstand.

(©NPK)