George Floyd-rettssak kan setje sinna i kok igjen i USA

Drapet på George Floyd fekk enorm politisk betydning med protestar mot rasisme verda over. No startar rettssaka mot ekspolitimannen Derek Chauvin.
utenriks

Måndag startar rettsprosessen som vil avgjere om politimannen som pressa kneet sitt mot Floyds hals, blir kjend skuldig i drap og straffa for det. Blir han frifunnen, vil det truleg føre til nye store protestar mot rasisme i USA. Blir han dømd, er det motstandarane av Black Lifes Matter-rørsla som vil reagere, og mange er Donald Trump-tilhengjarar.

Drapet har mellom anna ført til at Kongressen i desse dagar behandlar forslag om ei større politireform. Reforma ber George Floyds namn, og vart onsdag vedteken i Representanthuset med knapt fleirtal og sendt vidare til Senatet.

Om reforma blir godkjend, blir halsgrep forbode. Politiet vil heller ikkje kunne stanse personar på bakgrunn av rase, såkalla raseprofilering.

Eit spørsmål om sekund

Den no sparka politimannen Derek Chauvin står tiltalt for forsettleg drap og aktlaust drap. Under arrestasjonen av Floyd på open gate i Minneapolis heldt han kneet sitt mot halsen til 46-åringen i om lag ni minutt. Sjølv om Floyd gjentekne gonger sa at han ikkje fekk puste, lét han kneet bli verande.

Hendinga vart filma av ei rekkje tilskodarar som også bad politimannen om å fjerne kneet.

Spørsmålet om nøyaktig kor lenge kneet vart pressa mot Floyds hals, kjem venteleg til å bli eit tema under rettssaka.

Dei første dagane blir brukte til å velje jury før sjølve rettssaka kjem i gang.

– Over 9 minutt

I den første siktinga stod det oppgitt at presset varte i 8 minutt og 46 sekund, tal som seinare vart brukte som symbol i protestar mot rasisme verda over.

Sidan har lengda vorte justert både opp og ned. No har påtalemakta landet på at kneet var der i minst 9 minutt, kanskje så lenge som 9 minutt og 31 sekund. Dokumentasjonen er mellom anna henta frå politikamera som var festa på kroppane til dei andre politimennene som var til stades.

Alle tre – Thomas Lane, J. Kueng og Tou Thao – er tiltalte for medverknad til og tilskunding av forsettleg drap og aktlaust drap, men dei blir først stilte for retten i august.

Blir presentert som bevis

John Stiles, ein talsmann for kontoret til statsadvokaten, seier at kor lenge Floyd vart pressa ned, vil bli presentert som bevis under rettssaka. Men han vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

Tom Heffelfinger, ein tidlegare statsadvokat i Minnesota som ikkje har noka tilknyting til saka, seier at det er vanleg at påtalemakta finjusterer detaljar når dei byggjer opp ei sak. Han seier òg at lengda på knepresset ikkje blir viktig før ein aktor presenterer dette for juryen.

Han trur tidsspennet vil bli svært relevant under rettssaka sidan det er venta at aktoratet og forsvararane kjem til å krangle om dødsårsaka, om det var kneet som førte til Floyds død eller bakanforliggjande helseproblem.

Unødvendig eller nødvendig?

Ifølgje Heffelfinger vil lengda på knepresset òg kunne seie noko om Chauvins sinnstilstand, og det kan bli brukt av aktoratet for å argumentere for at politimannen handla med overlegg, og at det var heilt unødvendig for å ha kontroll på 46-åringen.

– Du kan sjå det på ein video frå ein tilskodar, Chauvin hadde kontroll på Floyd heile tida. Han trong ikkje å presse kneet mot halsen hans for å behalde den kontrollen, seier han.

Men ikkje alle trur at det vil ha noko å seie om Floyds hals vart pressa i litt mindre eller litt meir enn 9 minutt. Blant dei er Toshira Garraway, grunnleggjar av ei støttegruppe for familiar som er ramma av politivald. Ho meiner det er openbert at Chauvin beheldt presset lenge nok til å kunne tenkje over kva han heldt på med.

– Han høyrde mannen klage over at han ikkje kunne puste. Om det var 2 minutt, 5 minutt eller 10 minutt, så var han uansett fullt klar over det. Då Floyd sa han ikkje kunne puste, skulle han ha fjerna kneet, seier ho.


(©NPK)