Dei samarbeider òg med styresmaktene for å oppdatere produktinformasjonen om moglege biverknader frå vaksinen deira, skriv selskapet i ei pressemelding onsdag kveld.
Selskapet legg til at vaksinen deira tilbyr mottakaren eit høgt nivå av vern mot koronaviruset, og at over 34 millionar menneske i Storbritannia og EU har fått vaksinen.
Onsdag ettermiddag uttalte EUs legemiddeltilsyn (EMA) at dei vil leggje til blodpropp som ein mogleg, men svært sjeldan biverknad av AstraZenecas koronavaksine.
(©NPK)