USA vil trekkje styrkar ut av Irak

Regjeringa i USA vil trekkje alle stridande amerikanske styrkar ut av Irak.
utenriks

Det går fram av ein felles uttale frå USA og Irak etter at landa diskuterte saka onsdag.

Tidspunktet for tilbaketrekkinga er førebels ikkje bestemt. USA skal framleis ha soldatar i Irak, men dei skal berre hjelpe til med trening av irakiske styrkar.

Amerikanske styrkar har vore utplasserte i Irak for å bidra i kampen mot den ytterleggåande islamistgruppa IS.


(©NPK)