Kampane i Darfur krev stadig fleire liv

Kampane mellom ulike folkegrupper i Darfur i Sudan har kravd minst 132 liv dei siste dagane, opplyser guvernøren i regionen.
utenriks

Gruppene har kjempa mot kvarandre sidan laurdag i og rundt den regionale hovudstaden El Geneina. Det er meldt om både skyting og granatangrep.

Sudans regjering har erklært unntakstilstand i området.

– Ifølgje medisinske rapportar er talet på døde no 132, opplyste guvernøren Mohamed Abdallah Douma på ein pressekonferanse i Khartoum torsdag.

Kampane går føre seg mellom den arabiske folkegruppa Rizeigat og den ikkje-arabiske folkegruppa Masalit.

Konflikten har blussa opp samtidig som Sudan er i ein prosess i retning av eit meir demokratisk styre.

(©NPK)