Svenske koronareglar for handel og servering blir forlengde

Koronarestriksjonar for serveringsstader og handelsverksemder i Sverige blir forlengde fram til 2. mai, har Folkhälsomyndigheten bestemt.
utenriks

Årsaka er det høge smittetrykket i landet.

– Situasjonen i helsevesenet gjer at avgrensingane må haldast oppe. Dei gjer det lettare for folk å halde avstand til kvarandre, seier statsepidemiolog Anders Tegnell i ei pressemelding.

Serveringsstader må dermed vere stengde for servering i lokala mellom klokka 20.30 og klokka 5.00, Det er likevel mogleg for serveringsstader å halde ope for sal av mat og drikke for henting, heiter det vidare.

Butikkar, galleri og kjøpesenter må framleis passe på at besøkjande kjem åleine og ikkje i grupper.

(©NPK)