Etterforskinga av brukollapsen i Genova ferdig – rettssak ventar truleg

Nær tre år etter at motorvegbrua over Genova rasa saman, er etterforskinga sluttført. 69 personar har status som mistenkte, og no blir det truleg rettssak.
utenriks

Italias infrastrukturminister Giancarlo Cancelleri har uttrykt sjokk over enkelte av konklusjonane i etterforskinga, mellom dei det han omtaler som ein «total mangel på vedlikehald av brua – ikkje noko er gjort på 51 år».

Ifølgje italienske medium vart det ikkje gjort noko for å styrkje kablane som støtta brua der den rasa saman, frå ho vart innvigde i 1967 til dagen då brua kollapsa 14. august 2018. 43 personar mista livet.

– Vi håpar no på ei rask rettssak innan rimeleg tid fordi vi har ei plikt overfor familiane til offera, sa Cancelleri torsdag.

Blant dei 69 personane som er utpeika som mistenkte, er den tidlegare sjefen for selskapet Atlantia, Giovanni Castelluci. Atlantia eig selskapet Autostrade, som hadde ansvaret for vedlikehaldet av brua.

(©NPK)