Ingen nye klimamål frå tre av dei fire største utsleppslanda i verda – men håpet lever for Guterres

Av dei fire største utsleppsnasjonane var det berre USA som lanserte nye mål under opninga av klimatoppmøtet. FNs generalsekretær er likevel håpefull.
utenriks

President Joe Biden innleidde klimatoppmøtet han er vertskap for, med å stadfeste at USA forpliktar seg til ei halvering av klimagassutsleppa innan 2030, samanlikna med 2005-nivået.

– Prisen for å ikkje handle berre stig. USA ventar ikkje, sa Biden.

– Vi må bli betre. Vi må ta grep – alle saman, la han til.

Japan følgjer like etter amerikanarane og vil kutte 46 prosent frå 2013-nivå innan 2030, medan Canada vil ned 40–45 prosent frå 2005-nivået.

– Vi må handle no. Det finst ingen vaksine mot ein forureina planet, sa Trudeau til klimatoppmøtet, der rundt 40 stats- og regjeringssjefar var inviterte.

EU forplikta seg igjen til mål om kutt på 55 prosent innan 2030 denne veka, medan Storbritannia forplikta seg til eit spektakulært mål om eit utsleppskutt på 78 prosent frå 1990-nivået innan 2035.

Ingen nye mål

Men Kina, India og Russland – landa som slepp ut høvesvis mest, tredje mest og fjerde mest – la ikkje fram nye mål då klimatoppmøtet opna torsdag.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping gjentok den kinesiske forpliktinga til Parisavtalen og tidlegare sette mål om karbonnøytralitet i 2060, med ein førespegla utsleppstopp innan 2030.

– Kina har forplikta seg til ein overgang frå topp til karbonnøytralitet i løpet av ein mykje kortare tidsperiode enn kva det ville ha teke mange rike land, og det krev ein ekstraordinær innsats, sa Xi. Han la til at Kina vil føre «streng kontroll» med kolkraftverk.

Men klimaaktivistar har slått alarm om eit fråvær av kortsiktige mål for å gjere landet mindre avhengig av kol. Energikjelda er den med høgast utslepp, men også politisk eit vanskeleg tema fordi det er mange arbeidsplassar i kolgruvene.

Russlands president Vladimir Putin tok til orde for meir samarbeid i kampen mot klimaendringane, utan å talfeste nye mål. Den indiske statsministeren Narendra Modi lanserte heller ingen nye mål, men forplikta seg til eit «partnarskap» med Biden for å fremje grøne investeringar.

Guterres: Eit vendepunkt

Blant overraskingane var at Brasils president Jair Bolsonaro. Han har tidlegare uttrykt skepsis om klimaendringane er menneskeskapte og var ein av Donald Trumps få internasjonale allierte på klimafeltet. No lova han at landet skal vere klimanøytralt innan 2050.

Samtidig sa han at det skal bli stans på den ulovlege avskoginga i landet, der store delar av Amazonas ligg, innan 2030. Kunngjeringa har vorte møtt med noko skepsis, gitt Bolsonaros band til industrien.

Ifølgje Bidens klimautsending John Kerry inneber dei nye løfta at meir enn halvparten av verdsøkonomien har forplikta seg til tiltak for å avgrense den globale oppvarminga til mindre enn 1,5 grader over førindustrielt nivå, altså innanfor rammene i Parisavtalen.

FN anslo så seint som i desember at verda styrte mot oppvarming på 3 grader, om ikkje kursen vart endra.

Generalsekretær António Guterres bad den gong verdsleiarane om å erklære global klimakrise. I opningstalen sin torsdag åtvara han igjen om at kloden er på kanten av stupet og påstod at «neste steg må gå i rett retning».

– Dagens toppmøte viser at vinden har snudd retning av handling, men det er framleis ein lang veg igjen, sa Guterres i ei fråsegn etter møtet.



(©NPK)