Krisa mellom Tsjekkia og Russland blir stadig djupare

Frontane blir skjerpa mellom Russland og Tsjekkia. Tsjekkia har gitt beskjed om drastisk reduksjon i kor mange som får jobbe ved Russlands ambassade i Praha.
utenriks

Ifølgje utanriksminister Jakub Kulhanek har Russland frist på seg til slutten av mai. Innan då må talet på russarar som jobbar ved den russiske ambassaden i Praha, vere på same nivå som talet på tsjekkarar som jobbar ved Tsjekkias ambassade i Moskva.

Tiltaket inneber at fleire tital russarar må forlate Tsjekkia dei neste vekene.

Den diplomatiske feiden braut ut etter at Tsjekkia skulda russisk etterretningsteneste for å stå bak ein kraftig og dødeleg eksplosjon ved eit ammunisjonslager i 2014.

(©NPK)