Franske arbeidarar sperra sjefar inne i protest

Tilsette ved ein bildelfabrikk i Frankrike heldt sju av sine overordna fanga i eit halvt døgn i protest mot planar om å selje fabrikken.
utenriks

Dei innelåste sjefane slapp fri ved 22.30-tida tysdag kveld.

– Dei nekta å gå i dialog. Det var meiningslaust å prøve å prate med dei, seier Maël Le Goff i den radikale fagforeininga CGT.

Også bilfabrikanten Renault stadfestar hendinga. Dei seier dei prøver å finne ein kjøpar til fabrikken, som har 350 tilsette, slik at «aktiviteten han haldast oppe og jobbane sikrast».

Protestforma er velkjend i Frankrike, der sjefar har vorte haldne som gislar ved fleire høve. I 2014 vart to sjefar ved ein dekkfabrikk haldne fanga i nesten to veker i eit forsøk på å hindre nedlegging av bedrifta.

(©NPK)