Opioid-rettssak i gang i Vest-Virginia

Ei rettssak er i gang mot selskap som skal ha bidrege til eit massivt overforbruk av kraftige smertestillande middel i Vest-Virginia i USA.
utenriks

Overforbruk av smertestillande middel av typen opioid blir i USA omtalt som ein epidemi. Enormt mange menneske har vorte avhengige, og over 400.000 har døydd av overdosar dei siste 20 åra.

Rettssaka som byrja måndag, har fokus på byen Huntington i Vest-Virginia. Blant dei saksøkte er legemiddel-distributørane AmerisourceBergen og Cardinal Health.

Det er styresmaktene i Huntington og fylket Cabell som har saksøkt selskapa. Dei meiner distributørane har bidrege til at bruken av opioid vart altfor høgt.

Selskapa avviser skuldingane og meiner dei ikkje kan klandrast for at legane skriv ut mange reseptar på dei smertestillande midla.

(©NPK)