«Paradise hotel» blir stansa i Sverige

Årets sesong av realityserien «Paradise hotel» blir stansa i Sverige etter at to av deltakarane har fortalt om seksuelle overgrep under innspelinga.
utenriks

– Vi kjem ikkje til å sende sesongen, seier sjefen Nordic Entertainment Group, Anders Jensen, til svensk TV4.

– Vi kan ikkje halde fram med denne typen produksjonar på slike premissar, seier han. Jensen kan ikkje svare på om realityserien vil komme attende igjen.

To av deltakarane i sesongen i vår har fortalt at dei vart utsette for seksuelle overgrep under innspelinga.

Dei to kvinnene skuldar produksjonsselskapet Mastiff for å ha dyssa ned hendingane, noko Mastiff har avvist.

(©NPK)