EU stansar arbeid med Kina-avtale

EU-kommisjonen har inntil vidare stansa arbeidet med å fullføre ein omfattande investeringsavtale med Kina.
utenriks

Det opplyser visepresidenten i EU-kommisjonen, Valdis Dombrovskis, til nyheitsbyrået AFP.

Bakgrunnen for pausen skal vere det forverra politiske forholdet mellom Kina og EU.

Kina og EU oppnådde prinsipiell semje om investeringsavtalen i desember i fjor. Forhandlingane om avtalen har gått føre seg i over sju år.

(©NPK)