Fem gutar i Nederland fengsla etter «pedofiljakt»

Fem tenåringsgutar i Nederland som jakta på personar dei meinte var pedofile, er dømde til fengsel og samfunnsstraff etter at ein 73 år gammal lærar døydde.
utenriks

Dei fem gutane, som er mellom 15 og 19 år, vart tysdag dømde for det dødelege angrepet på 73-åringen i oktober i fjor. Dei fekk mellom eitt års delvis fengsel utan vilkår og fleire hundre timars samfunnsstraff. I tillegg må dei betale erstatning til dei tre barna til den avdøde.

– Ved å agere som dommarar på eiga hand, har gutane brote lova og skapt utrygge forhold og stor uro, seier dommaren i retten i Gelderland.

Det hadde òg vore fleire liknande angrep i byen tidlegare, der gutane kontakta og chatta med personar dei mistenkte var pedofile.

I retten kom det fram i tekstmeldingar at den 73 år gamle mannen tydeleg hadde svart at han ikkje var interessert i ein 15 år gammal gut, fordi han var for ung.

Drapet på den tidlegare læraren i Arnhem har vekt sterke reaksjonar blant tidlegare elevar og andre i den nederlandske byen.

(©NPK)