Mann drepen av FBI utanfor CIA-hovudkvarteret

Ein væpna mann vart måndag drepen av FBI utanfor CIA-hovudkvarteret i den amerikanske delstaten Virginia.
utenriks

Det opplyste den føderale politi- og tryggingsetaten FBI tysdag. Minst éin FBI-tilsett skal ha opna eld då mannen kom ut av eit køyretøy med eit våpen.

Han døydde seinare av skadane etter å ha vorte frakta til sjukehus. Omstenda rundt hendinga vil bli rutinemessig granska.

(©NPK)