Nord Stream 2-krangelen framleis fastlåst

USAs utanriksminister Antony Blinken og Tysklands utanriksminister Heiko Maas vart ikkje samde då dei tysdag diskuterte gassrøyrleidningen Nord Stream 2.
utenriks

Røyrleidningen skal før russisk gass direkte til Tyskland og Europa. Leidningen har vore eit sentralt problem i forholdet mellom Tyskland og USA i fleire år, og ei ny regjering i Washington har ikkje endra det.

Blinken og Maas møttest ansikt til ansikt i samband med G7-møtet i London.

– Vi snakka om Nord Stream 2, og vi utveksla igjen dei synspunkta vi begge kjenner, sa Maas etter eit 40 minutt langt møte på sidelinja av utanriksministermøtet.

– Det er ikkje noko nytt, sa han.

USA fryktar gassrøyrleidningen vil gjere Europa altfor avhengig av russisk gass. Landet har innført sanksjonar for å leggje press på Tyskland i saka. Den tyske regjeringa nektar på si side å gripe inn og peikar på at det er snakk om eit kommersielt prosjekt. Dei som støttar røyrleidningen, meiner USA berre ønskjer betre salsmoglegheiter for sin eigen naturgass.

Berlin er òg under press frå austeuropeiske land som heller ikkje ser med blide auge på prosjektet, mellom anna dei baltiske landa og Polen.

Maas understrekar likevel at røyrleidningen berre er ein liten del av forholdet til USA.

(©NPK)