T-baneulykke kravde mange liv i Mexico by

23 menneske er stadfesta omkomne og nærare 80 er skadde etter at ei t-banebru kollapsa og eit vognsett falle ned over bilar i Mexico by.
utenriks

Bilete frå staden viser redningsmannskap som leitar etter overlevande i vognene og i minst éin bil, som vart knust då han fekk brua og vognsettet over seg.

Ulykka på t-banelinje 12 skjedde ved Olivos-stasjonen sør i Mexico by måndag kveld, lokal tid. Folk skal lenge ha klaga over regelbrot og risiko for ulykker på staden.

– Vi skal gjere ei grundig etterforsking, lova Mexicos president Andres Manuel Lopez Obrador på ein pressekonferanse tysdag.

Han la til at utanlandske ekspertar skal vere med på ulykkesgranskinga.

Pilar gav etter

Ordførar Claudia Sheinbaum i Mexico by kom raskt til staden for å følgje redningsarbeidet.

– Ein støttepilar gav etter, konstaterte ho.

Redningsarbeidet vart stansa ved midnatt av frykt for at togsettet skulle rase ned. Det var då framleis passasjerar inne i t-banevognene.

– Vi veit ikkje om dei framleis er i live, sa Sheinbaum.

Etter at ein kranbil kom til staden, kunne redningsarbeidet takast opp att.

– Det som skjedde på t-banen i dag, var ein forferdeleg tragedie, tvitra Mexicos utanriksminister Marcelo Ebrard.

Politiske følgjer?

For Ebrard kan ulykka få politiske følgjer, ettersom han var ordførar i Mexico by frå 2006 til 2012, då ulykkesstrekninga vart bygd. Kort tid etter at han gjekk frå posten, vart det reist tvil om kvaliteten på konstruksjonen.

– Årsaka til ulykka må sjølvsagt etterforskast, og vi må finne dei ansvarlege. Eg stiller meg til disposisjon for styresmaktene og vil bidra på alle moglege måtar, tvitrar Ebrard.

Han leier no arbeidet med å skaffe koronavaksinar i Mexico og har vorte rekna som ein mogleg presidentkandidat i 2024.

Fleire ulykker

Også tidlegare har det vore ulykker på tunnelbanen i Mexico by, og for eitt år sidan omkom éin passasjer då to vognsett kolliderte. Rundt 40 menneske vart skadde.

I 2015 vart tolv menneske skadde då eit togsett køyrde inn på Oceania-stasjonen i stor fart utan å bremse.

Mexico by er ein av dei største byane i verda med over 20 millionar innbyggjarar når omlandet blir rekna med.

Under koronapandemien har Mexico vorte hardt ramma. Over 217.000 koronarelaterte dødsfall er registrerte i landet, som har 126 millionar innbyggjarar.



(©NPK)