8000 migrantar til Ceuta sidan måndag

Spania seier at rundt 8.000 migrantar har komme til enklaven Ceuta sidan måndag. Halvparten er allereie sende tilbake til Marokko.
utenriks

Tysdag sende Spania soldatar og meir politi til Ceuta for å hanskast med migrantkrisa som plutseleg er oppstått i den vesle enklaven på kysten av Nord-Afrika.

Statsminister Pedro Sánchez avlyste ei reise til Paris for å komme til Ceuta og ta tak i krisa. Han ber om gjenoppretting av ro og orden.

Migrantane tok seg forbi grensegjerdet ved å symje eller padle rundt ein molo etter at marokkanske grensevakter vart trekte tilbake. Fleire heldt fram med å komme tysdag.

Iskalde og skjelvande

Soldatar skilde vaksne frå unge og bar barn i armane sine, medan Røde Kors hjelpte utslitne migrantar som kom kalde og skjelvande opp av vatnet. Ei kvinne låg medvitslaus på sanden og vart frakta bort på båre.

Ein ung mann drukna i forsøket, og fleire tital vart sende på sjukehus for å behandlast for nedsett kroppstemperatur.

Dei vaksne vart innkvarterte på eit stadion i byen, medan barn og unge vart sende til eit senter som blir drive av ein frivillig organisasjon.

Vest-Sahara

Den plutselege migrantbølgja fann stad etter at Marokko den siste tida har uttrykt irritasjon over at Spania lét leiaren for Polisariofronten for frigjering av Vest-Sahara, Brahim Ghali, få legebehandling i Madrid.

I ei krass fråsegn skulda Marokkos utanriksminister Spania for å ha sleppt inn Ghali under falskt namn utan å informere Marokko, og han trua med alvorlege konsekvensar.

Tysdag innkalla Spania Marokkos Madrid-ambassadør på teppet for å protestere. Marokko kalla heim ambassadøren sin frå Spania for konsultasjonar.

Polisariofronten kjempar for sjølvstende for Vest-Sahara, som tidlegare var spansk koloni, og som Marokko har annektert. Marokko ser på Polisario som ein terrororganisasjon.

Spania har prøvd å vere nøytral i konflikten om Vest-Sahara og seier at den einaste løysinga er ein avtale mekla fram av FN.

(©NPK)