Skaut mot israelske soldatar på Vestbreidda

Éin palestinar er drepen og fleire tital er såra i samband med demonstrasjonar på Vestbreidda. To israelske soldatar er skotne og såra.
utenriks

Det israelske militæret seier demonstrantar opna eld mot soldatane under «valdelege uro» i nærleiken av Ramallah på den okkuperte Vestbreidda tysdag.

Elden vart svart på, og to soldatar vart skotne i beinet og lagt inn på sjukehus, heiter det vidare.

Like etterpå opplyste det palestinske helsedepartementet at 25 år gamle Mohammad Hamid vart drepen av eit skot i brystet ved Al-Bireh nordaust for Ramallah. 70 andre palestinarar er lagde inn på sjukehus som følgje av samanstøytar med israelske styrkar. 16 har skotskadar, og fem av dei er alvorleg skadde, opplyser departementet.

Palestinske demonstrantar barkar ofte saman med israelske soldatar under demonstrasjonar på Vestbreidda, men demonstrantane er sjeldan væpna.

Palestinarar i Israel og i Palestina deltok tysdag i ein generalstreik i protest mot bombinga av Gazastripa. Streiken er eit uvanleg uttrykk for samling blant palestinarar med israelsk statsborgarskap og palestinarar som bur i områda Israel har okkupert sidan 1967.

Demonstrantar protesterte òg i Betlehem, Hebron og fleire andre byar mot Israels handlingar i Gaza og Jerusalem. Mange brunne bildekk og kastet stein mot israelske soldatar, som svarte med tåregass.

Sidan kamphandlingane mellom Israel og Hamas braut ut 10. mai, er over 200 palestinarar drepne på Gazastripa, medan 12 menneske er drepne i Israel. Hamas, som styrer Gazastripa, har fyrt av over 3.300 rakettar, ifølgje Israel.

(©NPK)