Teikn til at våpenkvile kan vere i emning i Gaza-krigen

Etter ni dagar med harde kampar mellom Israel og Hamas i Gaza var det tysdag små teikn til at ei våpenkvile kan vere i emning.
utenriks

Ein Hamas-representant i Qatar, Moussa Abu Marzouk, seier til New York Times at Hamas er klar for våpenkvile. Ifølgje han krev Israel at Hamas stansar rakettangrepa i to–tre timar før dei bestemmer seg for det same.

– Vi er samd om ein slutt på krigen på ein samtidig og gjensidig måte, sa han og skulda Israel for å vere sta.

Ein israelsk tenestemann med kjennskap til våpenkvilesamtalar, seier til avisa at Israel ikkje er klar for ei våpenkvile enno, men at det snart kan bli aktuelt.

Signala kom medan eit veksande internasjonalt kor krev våpenkvile.

USAs president Joe Biden uttalte seg tysdag for første gong for ei våpenkvile, medan Egypt og FN arbeider saman for ei våpenkvile. Ifølgje Marzouk er òg Qatar involvert.

(©NPK)