Britisk økonomi vaks med 2,3 prosent i april

Britisk økonomi opplevde i april den største månadsveksten sidan i fjor sommar. Bruttonasjonalproduktet (BNP) auka med 2,3 prosent, ifølgje statistikkbyrået.
utenriks

Den kraftige veksten kjem parallelt med at samfunnet er i ferd med å opne igjen, skriv statistikkbyrået ONS i ein kommentar til anslaget sitt for april. Britane kan igjen gå i butikken og på puben, og stadig fleire elevar er tilbake på skulen.

Tenesteytande sektor leier an, med ein vekst på 3,4 prosent, medan byggjebransjen opplevde ein nedgang på 2 prosent. Også industrien er noko svekt, med ein nedgang på 1,3 prosent, den første nedturen i denne sektoren sidan januar.

I årets tre første månader krympa økonomien med halvannan prosent, og BNP ligg framleis 3,7 prosent under nivået før pandemien.

(©NPK)