Johnson fekk ny sykkel av Biden

USAs president Joe Biden har gitt Storbritannias statsminister Boris Johnson ein ny sykkel i gåve.
utenriks

Biden gav Johnson ein amerikanskprodusert sykkel og ein spesialtilpassa sykkelhjelm laga av den vesle familiebedrifta Bilenky Cycle Works i Philadelphia, opplyser Det kvite hus.

Det kvite hus opplyser vidare at gåva er «eit teikn på vennskap og ei anerkjenning av deira felles interesse for sykling».

Konservative Johnson er svært glad i å sykle, noko han vart kjend for i si tid som London-ordførar.

På den første utanlandsreisa som president, møtte Biden torsdag Johnson i England, der Biden òg deltek på G7-møtet. Søndag møter Biden dronning Elizabeth.

(©NPK)