Stort straumbrot på Puerto Rico

Om lag halvparten av innbyggjarane i Puerto Rico er utan straum etter eit nettangrep og ein brann som har ramma elektrisitetsforsyninga.
utenriks

– Det var brann i ein transformator. Brannen har ført til betydelege straumbrot over heile øya, heiter det i ei fråsegn frå straumselskapet Luma Energy.

Bilete og videoar i sosiale medium viser høge flammar og svart røyk stige opp frå understasjonen Monacillo i San Juan.

To timar tidlegare opplyste selskapet at det hadde vorte utsett for eit DDOS-angrep, eit tenestenektangrep som pepra serveren til Luma Energy med 2 millionar førespurnader og dermed fekk han til å ta kvelden, noko som gjorde at straumkundar ikkje kunne logge seg inn.

Styresmaktene har ikkje opplyst om dei granskar om det er noko samband mellom nettangrepet og brannen.

(©NPK)