Delta-viruset spreier seg raskt – britisk gjenopning blir utsett

Nedtrappinga av koronatiltak i Storbritannia, som var varsla 21. juni, blir utsett opptil fire veker, til seinast 19. juli, seier statsminister Boris Johnson.
utenriks

Avgjerda er teken som følgje av auka spreiing av den såkalla deltavarianten av koronaviruset. Smittesituasjonen vil bli løpande vurdert, opplyste Johnson på ein pressekonferanse måndag.

Statsministeren opplyser at talet på tilfelle stig med rundt 64 prosent i veka. I dei hardast ramma områda blir smittetala no dobla kvar veke.

Ekspertane frykta at å gå vidare med den planlagde gjenopninga frå 21. juni kunne ha ført til ei skarp stigning i smittetala og eit uhandterleg press på helsevesenet NHS.

– Det er fornuftig å vente litt til, sa Johnson.

Storbritannia har komme langt i vaksinasjonen, men framleis er det mange som enno ikkje er fullvaksinert. Johnson seier ifølgje BBC at han har som mål å ha to tredelar av den vaksne befolkninga fullvaksinert innan 19. juli.

Smittespreiinga i Storbritannia har auka jamt sidan midten av mai. 90 prosent av alle som no får påvist smitte, er smitta av denne delta-varianten.

Det er no registrert nærare 128.000 koronarelaterte dødsfall i Storbritannia, noko som svarer til 188 per 100.000 innbyggjarar. I Noreg er det til samanlikning registrert 14 dødsfall per 100.000 innbyggjarar.