Erna Solberg før møtet i Genève: – Det er ein lang veg å gå

Statsminister Erna Solberg (H) åtvarar mot å få for store forventningar til møtet mellom Joe Biden og Vladimir Putin.
utenriks

– Det er ikkje noko grunnlag no for å tenkje at dette møtet skal føre oss store steg framover, seier Solberg til NTB i etterkant av Nato toppmøte i Brussel måndag.

Der spurde president Joe Biden i USA dei allierte til råds før det planlagde møtet med Russlands president Vladimir Putin i Genève onsdag.

Solberg fortel at ho under møtet takka Biden for løfta hans om at dei allierte vil bli haldne oppdaterte òg i etterkant av møtet, for å nå semje om ein felles strategi overfor russarane.

Solberg håpar møtet kan bli starten på ein ny dialog mellom USA og Russland, spesielt om nedrusting.

– Men eg er ikkje sikker på om dei får det til, seier Solberg til NTB.

– Eg trur det er ein lang veg å gå frå der vi står no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er av same oppfatning.

– Eg trur ikkje vi skal ha store forventningar til leveransar frå det møtet. Men eg trur det er veldig viktig at dei har gitt russarane moglegheiter til å få til eit meir normalt forhold, seier ho.

(©NPK)