Éin drepen i eksplosjon i Gaza

Éin person er drepen og ti er skadde i ein eksplosjon i Gaza by, men det er ikkje kjent kva som er årsaka til eksplosjonen.
utenriks

Eksplosjonen i al-Zawiya-området i Gaza by raserte torsdag eit hus og påførte òg fleire andre hus skadar.

Det israelske forsvaret seier at dei ikkje var involverte og kallar hendinga «intern».

(©NPK)