Daimler med storsatsing på elbilar

Den tyske bilprodusenten Daimler, som mellom anna produserer Mercedes-Benz, skal investere nærare 420 milliardar kroner på å bli heilelektriske innan 2030.
utenriks

– Mercedes-Benz vil bli heilektriske innan dette tiåret, opplyser Daimler, men tek eit lite atterhald og legg til «dersom omstenda tillét det».

Daimler planlegg mellom anna å opne åtte batterifabrikkar. Dei tek òg mål av seg til å produsere bilar som kan køyre over 1.000 kilometer mellom kvar lading.

– Vår fremste plikt i samband med denne overgangen er å overtyde kundane om å gjere eit skifte ved å tilby dei overbevisande produkt, seier Daimlers svenske sjef Ola Källenius.

(©NPK)